Om barnehagen
Aadland gards- og friluftsbarnehage ligg i Samnanger kommune, og er ein privat barnehage. Aldersgruppa i barnehagen er 1-6 år, med 30 plassar tilsaman. Me har to avdelingar. Dei små barna held til i huset, medan dei store held til i driftsbygningen på garden, løo.
VÅRE SATSINGSOMRÅDER
Gardsdrift & dyr
Eit av våre satsingsområde er gardsdrift og dyr, og mykje av kvardagen i barnehagen sentrerer seg rundt dette. Kvar dag går ein vaksen saman med 2–3 barn i fjøset for å stelle dyra. Dei gir mjøl, silo og høy, bytter vatn, måker og kosar med dyra. Gjennom desse oppgåvene blir barna trygge på dyr og utviklar både omsorg og ansvar. Samtidig får dei ei naturleg forståing av kor maten kjem frå.
På garden bur det rundt 20 vinterfora sauer, to hestar (Stina og Mira), ein minigris (Josefine), høner, katt og mus. Me har òg ein kjøkkenhage der barna sår om våren og dyrkar eigne grønsaker - ei spennande oppleving frå jord til bord.
VÅRE SATSINGSOMRÅDER
Friluftsliv & natur
Med fjord, skog og fjell like ved legg me til rette for naturopplevingar året rundt. Friluftslivet gir barna høve til å utforske, leike og lære, samtidig som det styrkar motorikk, samhald og respekt for naturen.
Me har mange flotte turmål i nærområdet, der me følgjer årstidene gjennom aktivitet og undring. Ved sjøen kosar me oss i det store naustet, med trøbåt og kano. På husmannsplassen Ospekleiva, der trolla bur, overnattar me med dei eldste barna om våren. Om vinteren spenner me på oss skia, sklir på akebrett og samlast rundt bålet i grillhytta, der me nyt varm drikke og frukt medan me kosar oss ute.
VÅRE SATSINGSOMRÅDER
Kunst & drama
Kunst og drama er ein viktig del av kvardagen vår, og barna får utfalde seg kreativt gjennom heile året. Kvart haust set me opp eit teaterstykke som me viser for besteforeldre, foreldre, dei eldre på Samnangerheimen og andre som vil kome og sjå.
I kvardagen kler dei tilsette seg ofte ut, noko som gjer at me får besøk av artige karakterar som både underheld og lærer oss om nye ting.
Om våren jobbar me med ulike kunstprosjekt, der barna får utforske materialar, teknikkar og eigne idear. Prosjekta blir til slutt ein flott kunstutstilling i løo, der foreldre og søsken får sjå alt det kreative barna har skapt.
Områda i barnehagen vår
-

Garden
Garden er hjartet i barnehagen, der barna får nærkontakt med dyra og opplever gardslivet på nært hald. Her bur sauer, hestar, høner, minigrisen Josefine, katt og mus, som barna er med på å stelle kvar dag. På garden har me eigen kjøkkenhage, der barna sår, steller og haustar eigne grønsaker gjennom sesongen, og grillhytta vår, der me tenner bål, et frukt og leikar i sandkassa.
-

Inneområdet
Me har to avdelingar i barnehagen. Ein i huset, for dei minste, og ein på garden, i driftsbygninga, for dei største. I driftsbygninga på garden ligg også teaterscena vår, der barna kvar haust set opp eit teaterstykke som dei viser for familie og lokalsamfunnet. Her er det òg god plass til leik og samlingar gjennom dagen.
-

Ospekleiva
Ospekleiva er husmannsplassen vår, omgitt av skog og spennande natur. Her oppe bur trolla, og dei kjem gjerne og helsar på når me er på besøk. Kvart år om våren får dei eldste barna bli med på ein spennande overnattingstur hit.
-

Naustet
Ved fjorden har me eit stort naust som gir rom for leik, utforsking og fine naturopplevingar. Her kosar me oss med trøbåt og kano, medan barna lærer om sjøliv og trygg ferdsel på vatnet. Om sumaren brukar me ofte dagane på å utforske fjæra og nyte fine dagar ved fjorden.
Lurar du på noko?