Praktisk informasjon
-
Å søke barnehageplass i Aadland gards- og friluftsbarnehage, skjer via Samnanger kommune sitt søknadsskjema. Søknadsprosessen skjer digitalt, og du loggar deg inn via kommunen si heimeside for å registrere søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss eller kommunen om du har spørsmål om søknadsprosessen.
-
5 dagar pr. veke - 1200 kr. i månaden + mjølk 50 kr.
4 dagar pr. veke - 960 kr. i månaden + mjølk 40 kr.
3 dagar pr. veke - 720 kr. i månaden + mjølk 30 kr.
Søskenmoderasjon for barn (søsken) nummer to er 30 %, for barn nummer tre er det gratis barnehageplass.
-
Foreldrebetaling skjer kvar 20. i månaden. De får rekninga på mail. Prisen vart fastsett av kommunestyret.
-
Barnehagen brukar kommunikasjonsverktøyet Vigilo.
Vigilo er eit enkelt verktøy for å halde kontakten med barnehagen. Foreldre kan bruke det til å motta beskjedar, dele informasjon og følgje med på planar og aktivitetar.
-
August: Tilvenning og trafikktryggleik.
September: Vennskap (grøne tankar - glade barn) og dyra på garden
Oktober: Dyra i skogen
November: Teater.
Desember: Advent, jul og teater.
Januar: Professorar og avis.
Februar: Samar og fargar
Mars: Kroppen og førstehjelp.
April: Lemming, påske og grønsakshage.
Mai: 17. mai og kunst.
Juni: Mangfald, dyr i fjæra og avis.
Meir utfyllande informasjon kjem på månadsplanen.
-
Barnehagen har stengt 3 veker om sommaren (veke 29-30-31).
-
Planleggingsdagar 2025-26:
Måndag 4. august
Fredag 7. november
Tysdag 2. januar
Fredag 30. januar
Fredag 15. mai
-
-
Link til skuleruta
Lurar du på noko?