Velkommen til Aadland gards- og friluftsbarnehage!
Våre satsingsområder
Gardsdrift & dyr
Barna har dagleg kontakt med dyra på garden. Barna blir trygge på dyr og utviklar omsorg og ansvar gjennom praktiske oppgåver og leik.
Friluftsliv & natur
Med sjø, skog og fjell som nærområde legg barnehagen til rette for naturopplevingar året rundt. Friluftslivet styrkar både motorikk, samhald og respekt for naturen.
Kunst & drama
Gjennom året jobbar barna med kunstprosjekt og deltek i teateroppsetjingar. Jevnleg har me kunstutstillingar og teater på låven, der dei får vise fram det dei har skapt til familie og venar.
Litt om oss
Me som arbeidar i barnehagen, er eit engasjert team av pedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar som legg til rette for tryggleik, læring og meistring. Me trur på ein barndom tett på dyr, natur og kreativ utfalding, der barna kan utvikle seg til trygge, robuste og empatiske menneske.